Gå til sidens hovedinnhold

Tips og råd for påsketrafikken

Artikkelen er over 7 år gammel

Statens vegvesen rår til å halda seg oppdatert på vegforholda.

Det er mange som køyrer langt i påsken, og det er ikkje like fine køyreforhold over alt. Då er det greitt å vera budd.

Klikk her for å sjå andre wekamera

Eitt av Statens vegvesen sine tips er å sjekka veg- og køyreforholda på strekninga du skal køyra. Dette kan du gjera via automatisk oppdatering av vegmeldingar på Vegvesen.no, NRK tekst-tv og automatisk telefonsvarer.

Dei rår til også å passa på at bilen er budd på alle vinterforhold. Du bør ha med lykt, slepetau, spade, varme klede, sko og refleksvest - gjerne kjettinger også.

– Aktuelt med tvangsdirigering

– For å sikra best mogleg trafikkavvikling på dei viktigaste vegstrekningane kan det vera aktuelt å tvangsdirigera trafikken på alternative køyreruter. Det gjer me for å sleppa dei store problema med kø i mange timar, spesielt knytta til heimfarten 1. og 2. påskedag. Me ber alle bilistane om å respektera dei alternative omkøyringsvegane, seier Therese Thowsen i Statens vegvesen.

Det er også sjansar for kolonnekøyring no i påsken, dette har det alt vore over Vikafjellet. Statens vegvesen anbefaler å sjekka vegmeldingane før ein legg ut på tur, og det kan lønna seg å velga ein annan veg.

Lang venting

– Når det er mykje trafikk som skal over fjellet og det vert kolonnekøyring, kan ventetida verta mange timar for å koma over fjellet. Då kan det ofte vera tid å spara på å velga ein annan veg sjølv om det er lengre å køyra, seier Therese Thowsen frå Statens vegvesen.

Kor mange bilar som kan vera med i ei kolonne avheng av kva for kapasitet det er til å redda folk ut av fjellet viss ein kolonne køyrer seg fast.

Kan avvisa trafikantar

Under kolonnekøyringa skal ein bruka naudblink, lata lufteanlegget gå med kald luft på frontruta ved minusgrader, halda jamn fart, fylgja kolonna og halda blikkontakt med bilen foran deg. Du skal ikkje gå ut av bilen ved stogg, du skal heller verta sittande og venta på hjelp.

Brøytemannskap kan avvisa trafikantar som dei forstår kan koma til å få problem med å verta med i kolonna. Det kan vera personar som ikkje har tilstrekkeleg varme klede, køyretøy som har tekniske manglar eller køyretøy som ikkje er tilstrekkelg "skodd" for slik køyring. Det melder vegvesen.no.

Nokre stadar fins det ikkje moglegheiter for omkøyring. Då anbefaler vegvesenet å velga ein annan veg, bu seg godt eller vurdera om reisa kan utsetjast til vêret vert betre.

Klikk her for å sjå andre wekamera

Kommentarer til denne saken