Det var kraftig røykutvikling frå brannen. Brannvesenet har brannen under kontroll og det skal ikkje vera fare for spreidning. Foto: Stine Strand Carlsen

To berga seg ut frå brennande hus

Måndag kveld tok det til å brenna kraftig i eit leilegheitsbygg på Dale.

Måndag rundt klokka 20.30 melde politiet på Twitter om at ein tremannsbustad stod i full fyr.

– Ein mann og ei kvinne skal ha vore inne i huset då det tok til å brenna, men har kome seg ut. Dei verkar uskadde, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

I timen etter brannen vart det også gjort omfattande søk i og utanfor bustaden etter den tredje personen som har adresse i bustaden.

– Røykdykkarar har vore inne, men det er ingenting som tyder på at personen er inne i bustaden, seier innsatsleiar Ole Marius Røttingen til Hordaland.

Klokka 21.36 vart den siste personen gjort rede for, opplyste politiet til Hordaland på staden.

Det byrja å brenna i ein kommunal bustad på Dale rett ved Dale of Norway måndag kveld. Foto: Stine Strand Carlsen

- Sjå video frå brannen på Dale her.

Ingen skadde i brannen

Bebuarane vart tilsett av helsepersonell, og kom i frå det heile utan skader.

Det vart gjort omfattande sløkkjingsarbeid på staden, og brannen blussa opp att fleire gonger. Minst 20 brannkonstablar var i sving. Det var mykje røyk i området, men ikkje fare for spreiing til andre hus eller bygningar.

- Brannvesenet har kontroll på sløkkjinga, seier politibetjent Jostein Pedersen.

Alle naudetatar på staden

Hordaland sin reporter Stine Strand Carlsen på staden, fortel at brannen er i ein kommunal bustad like ved fabrikken til Dale of Norway.

Alle naudetatane rykte ut til brannen.

- Bygget er totalskadd, seier operasjonsleiar Røttingen.

Brann på stasjonen

Rett etter klokka 21.30 vart det også oppdaga brannpå venterommet til Dale stasjon.

- Det var brann i to bosspann og på to toalett. Dette ser ut til å vera påsett, seier Røttingen til Hordaland på staden.

- Er det nokon samanheng mellom brannen i leilegheitsbygget og på stasjonen?

- Det er det nærliggjande å tru, seier innsatsleiar Røttingen til Hordaland.

Dale stasjon ligg om lag 100 meter i luftlinje frå leilegheitsbygget som brann.