TO DØDE: To koronasmitta personar i Ullensvang døydde sundag. Dei døde hadde høg alder og underliggande sjukdomar. Det opplyser Ullensvang kommune ved ordførar Roald Aga Haug. Foto: Karl Ystanes

To koronasmitta døde i Ullensvang sundag

Sundag døydde to personar på kommunal covid-19 behandlingseining på Bokko i Ullensvang.

Dette opplyser Ullensvang kommune ved ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding sundag kveld.

I meldinga går det fram at dei to som døydde hadde båe påvist koronasmitte, hadde høg alder og underliggande sjukdomar.

I ei pressemelding litt tidlegare sundag, vert det opplyst at situasjonen elles i Ullensvang per sundag 18. april med tanke på korona, er at 10 personar er i isolasjon, 44 i karantene i samband med siste smittesporing, og husstandane deira er i ventekarantene.

Ved Odda barneskule er ein 7. klasse i karantene, samt fire lærarar. «I dialog med skule og FHI vert Odda barneskole driven etter raudt nivå til og med onsdag 21. april. For resten av Oppvekst og utdanning gjeld gult nivå som tidlegare varsla, frå og med tysdag 20.april.», heiter det i pressemeldinga.