TESTSENTER: Dei positive prøvane vart tekne her, i koronatestsenteret i Lekvebakken. Foto: Lars Olve Hesjedal

To nye koronasmitta på Voss, 23 totalt

Det vart i dag, torsdag 26. mars, påvist to nye tilfelle av korona i Voss herad.

Begge har milde symptom, og er isolerte heime, melder heradet på si heimeside.

Så lagt er det 23 påviste tilfelle med korona i Voss herad.

I Ulvik er ein person smitta, og i Vaksdal ein.

Les også
Slik spreier korona-smitten seg