To nye koronasmitta i Ulvik
– Dei to smitta har nyleg vore i utlandet, opplyser kommuneoverlege Unni Solem.
Ulvik herad har til no berre hatt fire påviste tilfelle av koronasmitte gjennom heile pandemien. I helga vart to nye smittetilfelle registrerte i bygda.
– Dei to personane det gjeld har vore i utlandet, og tok koronatest ved grenseovergangen til Noreg, seier kommuneoverlege i Ulvik herad, Unni Solem.
Solem fortel at dei to som er smitta er i same familie, og at dei har vore i innreisekarantene sidan dei kom til Noreg fredag. Dei vart testa denne dagen, og prøvesvara kom laurdag.
– Sidan dei har vore i innreisekarantene, er det ikkje noko stort potensial for smittespreiing her, seier Solem.