NYE POSITIVE: Voss herad opplyser at to nye personar har testa positivt på Voss. Foto: Ørjan Brattetveit

To nye koronatilfelle på Voss

Det er registrert to nye smittetilfelle i Voss herad.

– Begge dei to med stadfesta smitte i dag er i isolasjon, og Voss herad jobbar med smittesporing. Eitt av smittetilfella har smitteveg frå Aust-Europa, og eitt tilfelle har smitteveg frå Bergen. Ingen av dei to som er smitta har alvorlege symptom, opplyser Tor Halvorsen i Voss herad.

55 og 54

På landsoversikta står det no 55 tilfelle på Voss. Heradet opplyser likevel 54 smitta sidan utbrotet i vår.

- Talet på registrerte smitta sidan utbrotet i mars er 54, 28 av desse er registrerte frå august, opplyser Halvorsen.

– I dei tilfella det er skilnad på tal smitta mellom Voss herad og andre som presenterer tal, kan dette skuldast at innbyggjarar som er mellombels busette og/eller er testa i andre kommunar, ikkje vert melde til oss.

Av dei 54 tilfella som har testa positivt på Voss, er to busette i annan kommune, slik at det er 52 personar busette i Voss herad som er registrert med koronasmitte.

Les også
Nytt koronatilfelle i Vaksdal

Hald avstand

Voss herad oppmodar alle om halda fram med basalt smittevern, som å halda avstand, vaska eller sprita hendene ofte, hosta i armkroken og halda seg heime om ein er sjuk.

Voss herad har sidan utbrotet av korona halde seg til retningsliner og råd frå nasjonale helsestyremakter, og ber alle innbyggjarane om å fylgja opp.

Les også
Testa negativt to gonger etter positiv korona-test