MEIR SMITTE: Vaksineringa av dose to vert framskunda i Vaksdal som resultat av meir smitte i kommunen. Her frå vaksineringsstasjonen på Dale. Foto: Vidar Herre

Nye smittetilfelle i Vaksdal: – Det er all grunn til å vera på vakt

Tysdag er det konstatert to nye smittetilfelle i Vaksdal. Eitt av dei har ukjend smitteveg.

– Eitt av tilfella er nærkontakt til det fyrste tilfellet denne veka, den tredje har ukjent smitteveg, fortel kommuneoverlege Ole M. Thorseth tysdag.

Han meiner ein har kontroll over situasjonen likevel, så langt.

Litt urolege

– Men me er no litt urolege likevel. Det er mykje smitte i Bergen til dømes, og i landet elles. Og me har fått våre fyrste tre tilfelle denne veka, etter månader utan. Så det er all grunn til å vera på vakt, seier han.

Sidan situasjonen er som den er, så vil teststasjonen i gamle biblioteket på Dale verta opna att tre dagar i veka, og enda fleire dagar om det trengst.

STARTAR HYPPIG TESTING: Det vert starta opp att med testing tre dagar i veka i gamlebiblioteket i Dalehallen etter at det er avdekka meir smitte i kommunen. Foto: Jan-Egil Dyvik

– Me har også sett fart att på vaksineringa, og vil ikkje venta i 12 veker før dose to. Føresetnaden for at me kan halda fram med dette er sjølvsagt at me får dei vaksinedosane som me er lova framover, seier Thorseth.

Eigentleg hadde ein teke ein pause i vaksineringa i ferien, men den kjem altså i gang att no.

– Me reknar såleis med å vera ferdige med vaksinedose 2 i slutten av september eller litt uti oktober, og det er noko tidlegare enn tenkt, seier han.

SMITTE: Det er på ny smitte i Vaksdal, konstaterer kommuneoverlege Ole M. Thorseth. Foto: Jan-Egil Dyvik

Kan verta innskrenkingar

Han legg til at Bergen skal ha nytt møte om smittesituasjonen torsdag denne veka, og dersom det vert innskrenkingar her, så kan det verta sak i den kommunale kriseleiinga (KKL).

– Til vanleg fylgjer Vaksdal det Bergen og omegnskommunane gjer i denne samanhengen. Om det kjem endringar lokalt, så vil det fyrst koma etter handsaming i KKL, seier Thorseth.

Det kan til dømes verta innskrenkingar for kor mange ein kan møtast i heimane og på arrangement, og munnbindpåbodet kan koma tilbake.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vil gjerne understreka at ein halda smittevernreglane, ha avstand og bruka munnbind om ein ikkje kan halda meteren. Vert ein sitjande ei stund på eit tog eller ein buss til dømes, ja, så bør ein ta munnbindet på uansett, seier kommuneoverlegen.

Les også
To nye smittetilfelle på Voss
Les også
Ein ny smitta i Vaksdal – fyrste smittetilfelle sidan mai månad