KORONASMITTE: Ein tilsett ved Stamnes skule i Vaksdal kommune er smitta. Elevar og tilsette er i karantene. Foto: Marita Saue Hamre

Tilsett på skule i Vaksdal smitta av koronaviruset

Kommunen opplyser at den koronasmitta er tilsett ved Stamnes skule.

Kommuneoverlegen i Vaksdal kommune, Ole Miltzow Thorseth, opplyser til Hordaland at den smitta personen ikkje er alvorleg sjuk.

– Det er stadfesta eitt nytt tilfelle, i tillegg til mistanke om eit anna. Den personen vert testa i morgon, seier han til Hordaland.

I fyrste meldinga frå kommunen var det oppgjeve to nye smitta, men det er altså éin person som har fått stadfesta koronasmitte.

Kommunen avventar oversikt over nærkontaktar og testing når det gjeld eventuell ny smitte.

Stengjer skulen i éi veke

Ifylgje kommunen er den koronasmitta tilsett ved Stamnes skule.

– Elevar og tilsette ved skulen må difor i karantene frå no og ut skuleveka 14.–18. september. Det er sett i gang smittesporing og i morgon startar testing. Føresette blir varsla direkte i eigne kanalar.

Stengjer også sjukeheimane

Sjukeheimane i kommunen blir stengde for besøk inntil det er oversikt over situasjonen.

– Me stengjer sjukeheimane etter føre var-prinsippet inntil me har meir oversikt, forklarar kommuneoverlegen.

Les også
Barnehagetilsett testa positivt på koronaviruset