NYE SMITTETILFELLE: To personar har fått påvist koronasmitte i Voss herad. Foto: Ørjan Brattetveit

To nye smittetilfelle i Voss herad

To personar i Voss herad skal ha fått påvist koronasmitte sundag, fyrste påskedag. Det skriv rådmann Arild M. Steine i ei pressemelding.

– For fyrste gong sidan 19. februar melder Voss herad om to nye Covid-tilfelle.

Det eine tilfellet er snakk om ein vossing som er smitta etter å ha vorte eksponert under eit opphald på ein helseinstitusjon i Bergen.

– Utover ektefellen til vedkomande er det ikkje fleire nærkontaktar knytt til tilfellet, opplyser rådmann Steine.

Smitta hytteeigar

Det andre smittetilfellet er ein frå Bergen som oppheld seg på hytta på Voss. Denne personen vart eksponert for smitte i Bergen før hytteturen.

– Vedkomande har vore i kontakt med eit par vossingar i løpet av påsken. Desse vert no kontakta av smittesporarane i heradet for nærare avklaring, skriv Steine.

Les også
Over 400 dosar i neste veke i Voss herad – her er status på vaksineringa i kommunane
Les også
To positive koronatestar i Ullensvang fredag