VOSS: Det er stadfesta to nye smittetilfelle på Voss. Foto: Colourbox

To nye smittetilfelle på Voss

Voss herad melder om to nye smittetilfelle med koronavirus.

Den eine personen er fullvaksinert, men er likevel blitt smitta. Vedkomande har vore i karantene og det er ingen nye nærkontaktar. Personen har få eller ingen symptom, melder Voss herad i ei pressemelding seint sundag kveld.

– Dette illustrerer det me har sett fleire stadar i landet, at vaksinen tilsynelatande beskyttar mot alvorleg sjukdom, men at den ikkje hindrar alle i å bli smitta, seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge.

Den andre personen er ein yngre innbyggjar med moderate symptom.

Det vert jobba med smittesporing, melder heradet.

Les også
Ein ny smitta i Vaksdal – fyrste smittetilfelle sidan mai månad