ULLENSVANG: Ordførar Roald Aga Haug informerer om to nye smittetilfelle i Ullensvang langfredag. Foto: Sigrid Seim

To positive koronatestar i Ullensvang fredag

Det skriv ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding fredag kveld.

Nokre av dei som har vore smitta er no friskmelde/ute av isolasjon, og dei reknar totalt 18 som no er smitta og i isolasjon.

Totalt har 23 personar vorten smitta etter utbrotet i Ullensvang.

Mange negative testar

– Det har vore kring 100 negative testar dei siste to dagane, opplyser ordførar Aga Haug.

Dei reknar at 118 personar i Ullensvang no sit i karantene som fylgje av utbrotet.

Les også
Seks nye koronasmitta i Ullensvang torsdag – mogleg nærkontaktar frå Voss
Les også
Over 400 dosar i neste veke i Voss herad – her er status på vaksineringa i kommunane