To førarar vart skadde etter at ei trafikkulukke i Langhelletunnelen langs E16 onsdag.
To førarar vart skadde etter at ei trafikkulukke i Langhelletunnelen langs E16 onsdag. Foto: Illustrasjon

To skadde etter front mot front

To førarar er skadde etter ulukka i Langhelletunnelen på E16.

Vest politidistrikt melde om ei trafikkulukke i Langhelletunnelen på E16 like før klokka 14.30 onsdag.

– To personar er skadde etter kollisjonen, men ikkje alvorleg. Det er meldt om store materielle skadar, seier Arild Amundsen hjå Voss lensmannsdistrikt. 

Ifylgje politiet var ein varebil og ein personbil involverte i ulukka.

– Det er ikkje sikkert kva som skjedde. Ein person har opplyst å ha smerter i hofta, medan den andre har smerter i brystet, melder politiet.

Krasja i fart

Amundsen fortel at ulukka skal ha skjedd i om lag 60 km/t inne i tunnelen, lengst mot Voss.

– Ifylgje politiloggen har dei smerter, og vert sett til av helse på staden.

Airbagen i bilen skal ha blitt utløyst.

To bergingsbilar er køyrde ut til ulukkesstaden.

Fleire tunellar stengde

Langhelletunnelen, Stavenes- og Bogetunnelen vart stengde etter ulukka, men opna att like før 16-tida. 

– Det er store trafikale problem, melde politiet på Twitter like før klokka 15.

Artikkelen held fram under annonsen.

Langhelletunnelen ligg på E16 mellom Vaksdal og Trengereid. 

Ulykke skjedd inne i Langhelletunnelen. En varebil og en personbil. Ukjent hendelsesforløp. 2 bergingsbiler sendt til stedet. En person opplyst å ha smerter i hofte. En annen smerter i bryst. Uvisst hvor mange som er involvert. Blir så langt tilsett av helse på stedet.

— Vest politidistrikt (@politivest)June 26, 2019

E16 strekningen Stavenes-Boge dirigeres trafikken nå forbi av politiet.

— Vegtrafikksent. vest (@VTSvest)June 26, 2019