annonse

To til sjukehus etter trafikkulukke

LUFTAMBULANSE
LUFTAMBULANSE: Eine personen er frakta til Voss sjukehus med ambulanse, den andre med luftambulanse til Haukeland. (Foto: Geir Geitle/Arkiv)

To personar er frakta til sjukehus etter trafikkulukke på Maurset på Hardangervidda natt til onsdag.

Geir Geitle

Den eine av personane er frakta med luftambulanse til Haukeland sjukehus i Bergen.

Den andre er køyrd med ambulanse til Voss sjukehus.

Ulukka har skjedd mellom Maurset og Dyranut rundt klokka 02 i natt.

Føraren har forklart for politiet at han var trøytt, og sovna då ulukka skjedde.

Køyrde utfor vegen

Politiet opplyser på Twitter at det er ei singelulukke, og at bilen har køyrt ut av vegen.

Det var to personar i bilen, og begge kom seg ut sjølve.

Begge personane var vakne etter ulukka, melder politiet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse