Eine personen er frakta til Voss sjukehus med ambulanse, den andre med luftambulanse til Haukeland.
Eine personen er frakta til Voss sjukehus med ambulanse, den andre med luftambulanse til Haukeland. Foto: Geir Geitle/Arkiv

To til sjukehus etter trafikkulukke

To personar er frakta til sjukehus etter trafikkulukke på Maurset på Hardangervidda natt til onsdag.

Den eine av personane er frakta med luftambulanse til Haukeland sjukehus i Bergen.

Den andre er køyrd med ambulanse til Voss sjukehus.

Ulukka har skjedd mellom Maurset og Dyranut rundt klokka 02 i natt.

Føraren har forklart for politiet at han var trøytt, og sovna då ulukka skjedde.

Køyrde utfor vegen

Politiet opplyser på Twitter at det er ei singelulukke, og at bilen har køyrt ut av vegen.

Det var to personar i bilen, og begge kom seg ut sjølve.

Begge personane var vakne etter ulukka, melder politiet.

#rv7#Eidfjord#Maurset0241 Singelulukke. Bil kjørt ut av vegen. De to som var i bilen er komen seg ut. Naudetatar på veg.

— Vest politidistrikt (@politivest)June 5, 2019