SMITTA: To unge personar i Ullensvang vart fredag ettermiddag stadfesta smitta av korona. Smittevegen er førebels ukjend. Foto: Pixabay

To unge personar smitta av korona i Ullensvang

To personar i Ullensvang vart fredag ettermiddag stadfesta smitta av korona.

Tilfella har samanheng med kvarandre, men er utan kjend smitteveg. Dei smitta er busette i Ullensvang. Det er unge personar, men ikkje i grunnskule- eller barnehagealder, seier kommunen i ei pressemelding.

Isolasjon

Dei to er sett i isolasjon, smittesporing er sett i gang og nærkontaktar vert no sett i karantene.

– Det er altså usikkert kvar denne smitten kjem frå. Det er difor særs viktig at folk i kommunen fylgjer opp alle smittevernråda og reglane den komande tida, oppmodar kommunen.

Kan vera mutert virus

Kommunen seier at ettersom dei ikkje kjenner smittevegen, kan dei førebels ikkje seia noko om risikoen for at det ligg føre mutert virus.

– Reint statistisk er det no meir sannsynleg at me finn mutert virus enn at me ikkje gjer det, seier Ullensvang kommune i si pressemelding.