SPORA AV: Eit tog spora av på veg til perrongen i Bergen. Biletet er frå arkivet, og nytta som illustrasjon. Foto: Lars Olve Hesjedal

Tog spora av på veg til perrongen

To vogner på morgontoget frå Bergen til Oslo spora av på veg til perrongen måndag morgon.

Toget hadde stått parkert og hadde vorte reingjort.

Avsporinga skjedde då det skulle inn på eitt av hovudspora på jernbanestasjonen i Bergen litt før klokka 06 måndag, ifylgje Bergensavisen.

Ingen skadde i hendinga

– Morgontoget blir køyrt med eit anna tog. Den einaste fylgja dette får, er at det blir innstilt eitt tog i kvar retning mellom Arna og Bergen stasjon, seier pressevakt Olav Nordli i Bane Nor.

Årsaka til at toga sporet av, er ukjent. Ingen vart skadde i hendinga.

Les også
Boblebad i vegbana stengde tunell
Les også
Lokførartvillingane på sporet