Toga står på Bergensbanen, då det torsdag morgon brann i Ulrikstunellen nær Bergen.
Toga står på Bergensbanen, då det torsdag morgon brann i Ulrikstunellen nær Bergen. Foto: Sjur Herre/Arkiv

Tok fyr i tunell på Bergensbanen

Torsdag morgon tok det fyr i Ulrikstunellen mellom Bergen og Arna. Dette fører til stans i togtrafikken på strekninga.

Klokka 07.08 meldte Vest politidistrikt om brannen.

#Ulrikstunnelen: Brenner i isolasjonsmatter i tunnelenmunningen - Arna, nødetatene er på stedet. Et tog på vei fra Bergen mot Arna returnerer tilbake til Bergen. Ingen personer skal være skadd.

— Vest politidistrikt (@politivest)July 18, 2019

Isolasjon tok fyr

Det er isolasjonsmatter på Arna-sida i tunellen som skal ha teke fyr. 

Ingen personar skal vera skadd.

Klokka 07.30 meler brannvesenet om at brannen er sløkt. Politiet har avslutta på staden.

Brannen i taket er slukket.

— 110 Hordaland (@110Hordaland)July 18, 2019

Stengt for togtrafikk Arna-Trengereid

Nattoget frå Oslo har  køyrd bake til Arna stasjon.Det er framleis stans i all togtrafikk mellom Arna og Trengereid.

På nettsidene sine skriv Vy:

– Du må regne med forsinkelser og innstillinger

Det er sett inn buss for tog på strekninga mellom Bergen og Trengereid.

Usikkert når banen opnar

Skadeomfanget er no under undersøking, opplyser pressevakta til Bane or klokka 10.20.

Ho legg til at det framleis er for tidlig å seie når banen vil opna att. Bane Nor kjem att med meir informasjon klokka 12.

Politiet avslutter på stedet.

— Vest politidistrikt (@politivest)July 18, 2019