Det var full stopp i gondolbanen.
Det var full stopp i gondolbanen. Foto: Sigrid Seim

Torevêr stengte gondolbanen

Gondolbanen vart stengt to gonger på grunn av torevêr fredag.

Fredag ettermiddag vart det full stopp i gondolbanen på Voss.

– Dette gjer me av sikkerheitsmessige årsaker på grunn av torevêret som er venta. Dette er vanleg prosedyre, og det er ingen dramatikk, seier dagleg leiar i Voss Resort fjellheisar, Anna Bryn.

Vêrfast på toppen

Journalist Sigrid Seim var ei av dei som var vêrfast på Hangurstoppen med familien.

– Me har venta på å koma ned att sidan klokka 15, seier ho.

Opna att

Banen opna att klokka 16.45, då torevêret var passert, melder Anna Bryn. Også i 20-tida var gondolbanen stengt ein periode grunnaheftig regn- og torevêr.