Designar og gründer Tove Grane har fått med seg dalingen Jane Vaksdal (t.h.) med på We Norwegians-laget. Vaksdal, som har budd i USA dei siste 20 åra, skal styra amerikakontoret frå Vermont.
Designar og gründer Tove Grane har fått med seg dalingen Jane Vaksdal (t.h.) med på We Norwegians-laget. Vaksdal, som har budd i USA dei siste 20 åra, skal styra amerikakontoret frå Vermont.

Tove og Jane satsar stort i USA

Amerikanarane elskar ulla til Tove Grane. No skal den utvandra dalingen Jane Vaksdal gjera «We Norwegians» endå større i USA.

- Eg hadde ei magekjensle på at klemerket kom til å gjera det bra. Men at det skulle gå så bra etter berre to år, hadde eg ikkje trudd, seier Tove Grane.

Årdølen starta å designa stilreine ullkle til kvardagsbruk i 2014, og merket We Norwegians fekk base og butikk i Banksmidja på Voss. Grane satsa også tidleg i USA, og har vore aktiv på sportsmesser der heilt sidan ho starta opp. Det har bore frukter. No kan ein finna kleda til Grane i litt over 40 sportsbutikkar i USA, spreidd frå Santa Monica i vest til Boston og New York i aust.

- Kleda har like stor suksess i USA som i Noreg, og kundepotensialet der er nesten uendeleg. Derfor satsar eg like mykje over «dammen» som eg gjer her heime, seier ho.

Fekk daling med på laget

No har Grane tilsett den «utvandra» dalingen Jane Vaksdal, som bur i Vermont, til å ha full kontroll over We Norwegians i USA. Vaksdal kjenner mannen til Grane, Øyvind Lauritzen, frå heilt tilbake til gymnastida.

- I januar skulle Øyvind ha med kle frå We Norwegians på ei klemesse i Denver, og lurte på om eg ville hjelpa til. Deretter byrja snøballen berre å rulla, seier Vaksdal.

Og Vaksdal er ikkje nokon nykommar i kleindustrien. På 90-talet jobba ho for merket Bula, mellom anna i Åre. Men etter at ho flytta til USA for over 20 år sidan, har ho vore heimeverande.

- Det er heilt fantastisk å vera tilbake i bransjen! Eg er full av energi! Og eg kjenner att tempoet heilt instinktivt, sjølv om det er veldig lenge sidan sist. Det er verkeleg ei ære å få vera med. Dette er ikkje berre «just another brand», seier ho på norskamerikansk.

Frå oppstarten av var USA-kontoret til We Norwegians lokalisert i California. I mai starta Vaksdal opp det nye kontoret i Burlington, som no er heimbyen hennar.

- Her jobbar eg som kundekontakt, og jobben min vert å finna endå fleire butikkar der me kan få kleda inn. Det er éin million sportsbutikkar i USA, men ikkje alle er rette for oss. Derfor må ein gjera ein god del «research», seier ho.

«Made in Europe»

Dei fleste kleda dukkar opp på ekslusive sportsbutikkar på skiplassar som Aspen og Vale. Og det er eit «luxury brand», ifylgje Vaksdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei som kjøper kleda er opptekne av kvalitet og design, og det er ei vaksen kundegruppe som gjerne unner seg litt dyrare ting.

- Og konseptet vårt går ut på at ein ikkje skal byta ut klede heile tida. Det er «slow fashion», med tidlaus design som gjer at du kan bruka kleda lenge, seier Grane.

Kleda er produserte i Polen og Danmark, med italiensk garn og norsk design. Det er ei pakke som er lett å kjøpa for amerikanarane. - Folk vert berre meir og meir bevisste på kvar ting kjem frå. Og det at kleda er produserte i Europa, er eit kjempepluss i USA. Me vil at kundane skal vera heilt sikre på at kleda er produserte på rett måte med lite utslepp av kjemikaliar, og med gode arbeidsforhold for dei tilsette, seier Grane.

Vossabutikken flyttar

Det å ha ein nordmann som andletet utad i USA, er heller ikkje noko minus.

- Amerikanarane likar veldig godt at eg kjem frå Noreg. Dei tykkjer det å vera norsk er veldig eksotisk, seier Vaksdal og ler.

Sjølv om merket er å finna i kring 50 butikkar i Noreg, 40 butikkar i USA og 10 butikkar ute i Europa, finst det berre ein einaste reindyrka We Norwegians-butikk. Og den ligg i Banksmidja på Vangen. Men ikkje så veldig mykje lenger.

- Neste helg flyttar me inn i Sunkost sine gamle lokale i Vangsgata. Banksmidja er eit utruleg fint lokale, men salget her har gått litt opp og ned då det ligg ganske gøymt. No ser me fram til å koma oss midt i smørauget. Eg brenn for Voss sentrum, og for at me må halda liv i Vangsgata. Det er veldig kjekt å kunna bidra til det, seier ho.