MÅBØDALEN: Det har skjedd ei trafikkulukke i dei bratte bakkane opp mot Hardangervidda. Foto: Google maps

Vegen i Måbødalen er opna etter trafikkulukke

Klokka 13.00 opna vegen etter å ha vore stengd i to timar.

Det var klokka 10.44 at eit vogntog fekk sleng på tilhengjaren og trefte ein personbil i motgåande køyrefelt ved Garen.

Vogntoget køyrde vidare etter samanstøyten. Politiet opprettar sak på tilhøvet.

Sjåføren i personbilen vert køyrd til legevakt for nærare sjekk.