To personar sende til Haukeland etter ATV-ulukke

Ein mann og ei kvinne har vore involverte i ei ATV-ulukke.

Like etter klokka 10 melde Vest politidistrikt at to personar har vore involverte i ei ATV-ulukke i Vaksdal kommune.

Politiet melde at ulukka skal ha skjedd i nærleiken av Bogavatnet.

Ein time seinare melde politiet at ei dame og ein mann er medvitne og vakne, men sende til akuttmottaket på Haukeland.

Tilkalla luftambulanse

– Ulukka har skjedd eit stykke frå køyreveg, difor vart luftambulansen tilkalla, seier han.

Personane fekk pasientbehandling på staden, før dei vart sende til Haukeland universitetssjukehus.

Les også
Rullande fest med russebuss på Voss