Ein person køyrd til legevakta etter ulukke med dumpar

Føraren av dumparen vart køyrd til legevakta for sjekk etter trafikkulukka ved Maurset på Hardangervidda.

Like etter klokka 13 tysdag melde naudetatane på Twitter at dei hadde fått melding om ein liten dumpar som hadde velta på riksveg 7 ved Maurset i Eidfjord kommune.

– Føraren av dumparen blir køyrd til legevakta for sjekk. Personen var vaken og medviten etter at ulukka, opplyste Vest politidistrikt.

Mogleg å passera

Naudetatane rykte ut til staden. Ifylgje meldingane er det mogleg å passera forbi på riksvegen.

Dumpar er eit engelsk låneord for ei anleggsmaskin som eignar seg for å bera masse og materialar, ofte på anleggs- og bygningsområde i ulendt terreng.

Les også
Kollisjon på E16: – Eg er glad det gjekk så bra
Les også
Dei er leie av å kjenna seg utrygge på skulevegen: – Nokon kan verta alvorleg skada her