Tre bilar i trafikkulukke på E16

Tre bilar var involvert i ei trafikkulukke på Nærøydalsvegen, ved avkøyringa mot Jordalsvegen, rundt klokka 11.00 i føremiddag.

Det var klokka 11.14 tysdag at Vegtrafikksentralen vest fyrst melde om ulukka.

«Airbag er utløyst i ein av bilane. Alle personane i bilane skal vera vakne og medvitne. Utover dette er skadeomfanget førebels ukjent», heite det då.

Klokka 11.40 var politiet framme på staden.

Dei kunne då melda at det totalt i bilane var åtte personar, og at ingen av desse hadde fått alvorlege skadar.

Bilane står utanfor vegen, og det var ingen trafikkproblem i området då politiet kom fram.

– Etter de me har fått melding om, skuldast kollisjonen at den framste bilen skulle svinga av mot Jordalsvegen, og vart treft av bilane bak. Det er store materialle skadar. Ei kvinne i ein av bilane hadde nakkesmerter, og vart køyrt til sjukehuset på Voss, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.

Han veit førebels ikkje noko meir om tilhøva rundt ulukka.