KØYRDE UTFOR: Føraren av traileren som hamna utfor vegen sundag kveld er lettare skadd. Foto: Ingeborg-Anna Aga/Voss politidistrikt

Trailersjåfør skadd etter utforkøyring på E16

Ein mannleg sjåfør vart skadd etter at traileren hans hamna i grøfta langs E16 ved Hagatun.

Klokka 22.14 sundag melde politiet om at ein trailer hadde hamna i grøfta ved Hagatun på Vossestrand.

– Ein mannleg førar hamna i grøfta med traileren. Me har snakka med føraren og han er oppegåande, men han er skadd i ansiktet slik at han blør og klagar på vond rygg, seier vakthavande Steinar Hausvik i Vest politidistrikt til Hordaland.

Kort tid etter ulukka vart mannen køyrd til Voss sjukehus med ambulanse.

– Veldig glatt på staden

Ifylgje politiet var det veldig glatt på staden, men opplyste at trafikken gjekk greitt forbi.

Naudetatane rykte ut til hendinga.

Ifylgje Vegtrafikksentralen vest skjedde ulukka i Haugsvikvegen på E16, ved Hagatun camping.

Det var ein annan bilist om melde om ulukka.