Statens vegvesen.
Statens vegvesen.

Trasé kan koma sør for Oppheimsvatnet

Sjølv om fire alternativ er valde vekk, står Statens vegvesen framleis att med ni moglege trasear for framtidas E16 mellom Slæn og Tvinno på Voss.

Fire av løysingane går på nordsida av Oppheimsvatnet, fem på sørsida. Lengda varierer frå 14,7 til 18,1 km.

Alle løysingar på nordsida går likevel i lang tunell minst frå Haugsvik til Neland (ved Vinje). Ved Neland er det òg at vegen mot Myrkdalen og Vikafjellet skal koplast på.

Dei fleste alternativa på sørsida er òg baserte på langtunellar, men somme går delvis i dagen langs Oppheimsvatnet.

Planprogram no

Voss formannskap skal torsdag ta stilling til planprogrammet for det som etter kvart skal verta kommunedelplanen for E16 Slæn-Tvinno. Vegstellet ser for seg endeleg vedtak av denne våren 2017.

Planprogrammet utgjer fyrste

Vinjadalen som trasé for E16 vert historie når nye E16 er på plass. Langtunnelen vil anten passera i fjellet under her, eller i fjellet på sørsida av Oppheimsvatnet. 

Arkiv
Vinjadalen som trasé for E16 vert historie når nye E16 er på plass. Langtunnelen vil anten passera i fjellet under her, eller i fjellet på sørsida av Oppheimsvatnet. Arkiv Foto: Daniel Melve Kvarme

steg i planarbeidet, og skal avklara rammer og premiss for den vidare prosessen. I høyringsutkastet formannskapet får på bordet, vert alle relevante alternativ omtala - og det vert diskutert kva for tema og problemstillingar som bør løysast undervegs i planarbeidet.

Voss kommune vedtok som mange vil hugsa ny vegplan for strekkja Lundarosen-Oppheim alt i 2008. Vegføring vidare austover langs Oppheimsvatnet er sidan forkasta, etter geotekniske avklaringar. Difor tek vegstellet no for seg heile strekkja på Stronde under eitt - og vrakar dermed delar av vedteken plan frå 2008. Vegføring forbi Oppheim synest heilt uaktuelt i det vidare planarbeidet.

Minst 14,7 km

I dag går heile strekkja mellom Slæn og Tvinno i dagen. Dei ni alternativa som skal utgreiast gjennom planprogrammet er alle baserte på løysingar med kortare eller helst lengre tunellar.

? Kortaste alternativ går på sørsida av Oppheimsvatnet med langtunell (12 km) mellom Haugsvik og Tvinno og ei samla lengd på 14,7 km frå Slæn til Tvinno.

? Nest kortaste alternativ har langtunnel til Åsbrekke (11,1 km) og veg i dagen vidare til Tvinno og ei lengd på 14,8 km.

Artikkelen held fram under annonsen.

? Kortaste alternativ på nordsida av Oppheimsvatnet gjev ei 16,9 km lang vegstrekkje, basert på tunell Haugsvik-Neland (7,5 km), i dagen vidare til Fredheim og derifrå i tunell att til Åsbrekke (4,7 km).

? Lengst av dei ni alternativa er elles ei løysinga med tunell Slæn-Neland (9 km), og Fredheim-Tvinno (6,6 km) - men med totalt 2,6 km ute i dagen, slik at samla lengd for strekkja vert 18,1 km.