Det vart lange køar på begge sider av Beitlatunnelen langs E16 etter eit trafikkuhell.
Det vart lange køar på begge sider av Beitlatunnelen langs E16 etter eit trafikkuhell. Foto: Jan-Egil Dyvik

Tre bilar i samanstøyt på E16

Beitlatunnelen ved Dale vart stengd i ein time på grunn av eit trafikkuhell.

Klokka 09.55 måndag melde naudetatane om eit trafikkuhell like ved Beitlatunnelen langs E16 like forbi Dale sentrum. 

– Ein bil stansa på grunn av eit skilt som stod for langt ute i vegen. Ein semitrailer kom bak, og skubba bilen framføre ut i motgåande køyrefelt. Då krasja bilane inn i ein annan bil som kom i det motgåande feltet, seier Jens Petter Gravning hjå Voss lensmannsdistrikt. 

Ingen vart skadde i uhellet.  

Uhellet skjedde 100 meter på nordsida av tunellen.

Hordaland sin journalist på staden, Jan-Egil Dyvik, melde om i alle fall ein kilometer lang kø på den eine sida av Beitlatunnelen.

Beitlatunnelen langs E16 vart stengd etter eit trafikkuhell måndag morgon.
Beitlatunnelen langs E16 vart stengd etter eit trafikkuhell måndag morgon. Foto: Google Maps

Klokka 10.51 opna tunellen att.

Tunellen vart stengd

Brannvesenet melde om mindre materielle skadar.

Alle naudetatar rykte ut til staden. 

Tunellen vart stengd i om lag ein time etter uhellet. 

Nødetatene er på stedet. Det skal være små materielle skader, ingen personskade.

— Vest politidistrikt (@politivest)June 24, 2019

#Hordaland, Dale. Beitlatunnellen. Melding om trafikkulykke mellom 3 biler, ca 100 m på nordsiden av tunnellen. Ikke meldt om personskade. Nødetatene er på vei til stedet. Tunnellen er stengt.

— Vest politidistrikt (@politivest)June 24, 2019

E16 Beitlatunnelen, mellom Dale og Trengereid i Hordaland, er stengt pga trafikkuhell.

— Vegtrafikksent. vest (@VTSvest)June 24, 2019