ULUKKE: Tre bilar var involvert i ei ulukke i Vinjadalen mellom Vinje og Oppheim på Voss. Foto: Arkivfoto: Daniel Melve Kvarme

Tre bilar involvert i ulukke i Vinjadalen

Tre bilar var i ettermiddag involvert i ei ulukke i Vinjadalen mellom Vinje og Oppheim.

To av bilane kolliderte front mot front, medan den tredje bilen køyrde inn i desse, melder politiet. Det skal ikkje vera alvorlege personskadar.

E16 gjennom Vinjadalen vert stengd i ein kort periode grunna bilberging. Hordaland oppdaterer saka.