Tre nye smittetilfelle i Kvam

Kvam herad melder om nye smittetilfelle sundag.

– Alle testane frå laurdag er no analyserte, og resultatet er tre positive prøvesvar, melder heradet.

– Dei tre er nærkontaktar av tidlegare smitta, opplyser kommunen i ei pressemelding.

Ingen nye nærkontaktar

Det er totalt 49 smitta i Kvam sidan 31. mars.

– Smittesporingsarbeidet er avslutta, og det er ikkje nye nærkontaktar, opplyser heradet.

Tilbake til nasjonale tiltak

Gjeldande lokal forskrift vart vurdert av kriseleiinga sundag kveld. Då oppheva heradet dei lokale tiltaka

– Dette vart gjort fordi heradet no opplever å ha kontroll over utbrotet, melder heradet i ei pressemelding.

Opphevinga av dei lokale tiltaka inneber at Kvam går tilbake til nasjonale tiltak.

Les også
Melder om nytt smittetilfelle sundag
Les også
– Berre flaks at ingen vart tekne av skredet