BUSS: Passasjerane har no gått ut av toget og skal bussast vidare. Foto: Helge Berset

Bergensbanen opna att etter trefall

Passasjerane med toget til Bergen er no ute av toget på Stanghelle, og skal over i bussar.

– Me har fått melding om at det er tinga ti bussar, og ventar no på å få busstransport vidare mot Bergen, seier Helge Berset, som er ein av passasjerane som har venta lenge på å koma seg vidare, litt før klokka 16.30.

Måndag ettermiddag melde Bane Nor om at det er stengt for all togtrafikk mellom Arna og Vaksdal.

Like etter klokka 18.30 vart strekninga opna att for togtrafikk, men reisande må rekna med forseinkingar utover kvelden måndag.

BUSSAR: Passasjerane på veg frå toget til bussane. Foto: Helge Berset

– Det er ein busk som har hengt seg opp i kontaktleidningsnettet, seier pressevakt i Bane Nor, Liv Tove Otterholt til Hordaland.

Forseinkingar på strekninga

Reisande må rekna med forseinkingar og innstillingar utover ettermiddagen.

Lokaltoga mellom Voss og Bergen snur ved Stanghelle stasjon.