STENGD: E16 mellom Voss og Bergen er stengd etter at eit vogntog har teke opp i ljos og installasjonar i taket på minst tre tunellar. Køen sto heilt til Fossmark (biletet). Foto: Kjell Ove Norheim

Tre tunellar mellom Voss og Bergen var stengde tysdag kveld

Tre tunellar på E16 mellom Voss og Bergen er stengde etter at eit vogntog har teke oppi ljos og installasjonar i taket på tunellane.

Politiet skriv på Twitter at entreprenør er på veg for å rydda opp. Dei rår personbilar til å køyra via Hardanger. Tungtrafikk vert bede om å venta på grunn av høgdebegrensing i Tokagjelet.

Det er uvisst kor lenge E16 vert stengd.