No har Trygve og Anna Styve fått tilbod om at dei begge kan få bu på Vossestrand omsorgstun. Det andre alternativet er at Trygve flytter inn til Anna på Voss sjukeheim.
No har Trygve og Anna Styve fått tilbod om at dei begge kan få bu på Vossestrand omsorgstun. Det andre alternativet er at Trygve flytter inn til Anna på Voss sjukeheim. Foto: Sara Finne

Trygve (90) og Anna (85) får bu saman likevel

Trygve Styve (90) fekk fyrst tilbod om omsorgsplass 25 kilometer frå kona Anna (85). No har Voss kommune sagt at dei skal få bu i lag likevel.

– Det nyttar av og til å bli forbanna. No har me fått eit tilbod foreldra mine kan leva med, seier Erlend Styve, son til Trygve og Anna.

Like etter at laurdagsavisa gjekk i trykken med 1. sidetittelen «– Provosert og forbanna», vart Erlend Styve kontakta av Voss kommune. No skulle foreldra hans likevel få bu på same stad.

I avisa fortel ekteparet kva dei meiner omavgjersla om at Trygve Styve måtte flytta frå Voss Sjukeheim, der han i sommar har budd saman med kona Anna. Trygve vart tildelt omsorgsplass på Vossestrand.

– No skal me bruka helga til å tenkja gjennom kva for eit alternativ me skal gå for. Me har fått tilbod om at dei kan velja mellom å bu begge på Voss Sjukeheim eller på Vossestrand, seier Styve. Han er svært lette over den nye utviklinga i saka.

– Om dei skulle ha budd 25 km frå kvarandre, ville dei knapt fått sett kvarandre – noko som ville gått utover livskvaliteten, seier han.

Kommunalsjef Kjersti Nordanger seier til Hordaland at ho ikkje kan kommentera enkeltsaker.