STENGD: Langhelletunnelen var stengd på grunn av buss med motorstopp. Foto: Google Maps

Tunell på E16 opna igjen

Langhelletunnelen på E16 var stengd i ein time.

– Langhelletunnelen i Vaksdal er stengd, melde Vegtrafikksentralen litt over kl. 15 måndag.

Årsaka til at Langhelletunnelen i Vaksdal var stengd, var at ein buss hadde fått motorstopp.

Bilbergar på veg

– Bilbergar er på veg frå Åsane, opplyser Vegtrafikksentralen i ei twittermelding litt over klokka 15 måndag.

Klokka 16 melder Vegtrafikksentralen at Langhelletunnelen er open for trafikk igjen.

Les også
Åtte omkom i trafikken i januar - flest er bilførarar