Tunell på E16 stengd for andre gong på kort tid

Laurdag morgon er Gudvangatunnelen på E16 stengd på grunn av bilstans.

Tunellen skulle vore opna klokka 06.00 etter nattarbeid, men på grunn av ein bil med stans inne i tunellen vert den stengd inntil vidare utover morgonen.

Det melder Vegtrafikksentralen vest på Twitter like etter klokka 06.00.

Det er ikkje sikkert kor lenge tunellen vert stengd.

Andre gongen på kort tid

Fredag kveld vart også tunellen stengd etter at ein trailer fekk teknisk feil.

– Eit hjul hadde låst seg, også gjekk det varmgang i dette hjulet. På grunn av røykutvikling og svidd gummi vart Gudvangatunnelen, Flenjatunnelen, Onstadtunnelen og Fretheimstunnelen stengde ein kort periode, opplyste Eivind Hellesund hjå Vest politidistrikt til Hordaland.

Les også
Røykutvikling i trailer stengde tunellar på E16
Les også
Køyrde last utan løyve - fekk bruksforbod