STENGD: Tunsbergtunnelen på riksveg 13 mellom Voss og Granvin er stengd på grunn av bilstans. Biletet er nytta som illustrasjon, og henta frå arkivet. Foto: Sigrid Seim

Tunell på riksveg 13 stengd etter bilstans

Tunellen var stengd i rundt ein time på grunn av bilberging.

Vegtrafikksentralen vest melde på Twitter at Tunsbergtunnelen i Voss herad på riksveg 13 vart stengd på grunn av bilstans.

– Ein bubil med stans stengjer tunellen. Voss bilberging er framme om rundt 20 minutt, skriv dei klokka 13.47 måndag.

Klokka 14.28 opna tunellen att.

Tunsbergtunnelen ligg mellom Voss og Granvin langs riksveg 13.