BIL MED STANS: Tunsbergtunnelen er stengd på grunn av ein bil med motorstans. Biletet er frå arkivet. Foto: Daniel Melve Kvarme

Tunsbergtunnelen stengd ein kort periode

Vegtrafikksentralen vest melde at tunellen vart stengd på grunn av bilstans.

Laurdag like etter klokka 15 melde Vegtrafikksentralen vest at Tunsbergtunnelen vart stengd på grunn av bil med stans.

– Bilbergar er på veg til staden, opplyser dei på Twitter.

Litt over ein halvtime seinare vart tunellen opna for fri ferdsel.

Tunsbergtunnelen ligg mellom Voss og Granvin på riksveg 13 i Voss herad.

T