Dei tre turgåarane vart berga ned frå Skipadalsnuten mellom Voss kommune og Granvin herad natt til laurdag.
Dei tre turgåarane vart berga ned frå Skipadalsnuten mellom Voss kommune og Granvin herad natt til laurdag. Foto: Kartverket.no

Turgåarar nede i god behald

Alle dei tre turgåarane som fekk hjelp frå Røde Kors for å koma seg ned frå Skipadalsnuten i går kveld, kom velberga ned frå fjellet.

Politiet sin operasjonssentral opplyser til Hordaland at alle tre turgåarane kom ned til hytta si på Mjølfjell rett etter midnatt, natt til laurdag.

Det var klokka 18.30 fredag at tre turgåarar varsla politiet om at ein vaksen person i turfylgjet var sliten på Skipadalsnuten, på grensa mellom Voss kommune og Granvin herad.

Dei ynskte hjelp for å koma seg ned frå fjellet.

Les òg:

-Slitne turgåarar fekk hjelp frå Røde Kors.

Hjelpte dei trygt ned

Mannskap frå Røde Kors vart sende ut og hjelpte dei tre turgåarane.

Skipadalsnuten er ein del av Raundalsryggen, ikkje så langt frå Horndalsnuten.

Toppen på fjellet er 1492 m.o.h.

Røde kors er i kontakt med de saknede og i ferd med å følge dem ned.

— Vest politidistrikt (@politivest)August 9, 2019