OPA FORM ARKITEKTER
OPA FORM ARKITEKTER

- Turisme kan gje nytt liv for løa

- Me har eit spennande prosjekt, men manglar pengar.

Om lag slik var kortversjonen, då arkitekt Marina Bauer møtte politikarane i Utvalet for næring og tiltak (NTA) no i haust.

Prosjektet ber arbeidstittelen «Ei løe i endring», og har vore under utgreiing sidan 2012. Målet er å få liv att i tomme løer kringom i Vossebygda, gjennom eit nytt, spennande og «hipt» overnattingskonsept.

Både nytenking og vern

- Føremålet er å skapa ein ny felles strategi som kan bidra til verdiskaping i landbruket gjennom innovasjon og nytenking, kunne Bauer fortelja. Men samstundes understreka ho det viktige med å verna om historiske bygningar og miljø.

- Tanken er å skapa ny næringsutvikling, men samstundes å ta vare på den unike bygningsarven som finst. Dette skal skje ved at gamle landbruksbygg får nytt liv som næringsbygg. Kulturlandskapet, lokal byggjeskikk og materialval skal synleggjerast gjennom prosjektet. «Ei løe i endring» er eit samarbeid mellom arkitektur og design, knytt opp mot produkt reiselivet etterspør, sa Bauer.

I tillegg til hennar eige firma, OPA FORM Arkitektar med Mari Myklebust, har både Destinasjon Voss og produksjonsdesignar Per Finne teke del i utgreiingsarbeidet som er gjennomført.

Ikkje så stort og ikkje så veldig sosialt, kanskje, men i alle fall eit unikt overnattingskonsept.
Ikkje så stort og ikkje så veldig sosialt, kanskje, men i alle fall eit unikt overnattingskonsept.
Opplagt ei overnatting for den som ynskjer noko spesielt. Marina Bauer i Opa Form Arkitekter håpar at dei fyrste tilboda av det nye slaget er driftsklare alt sommaren 2015.
Opplagt ei overnatting for den som ynskjer noko spesielt. Marina Bauer i Opa Form Arkitekter håpar at dei fyrste tilboda av det nye slaget er driftsklare alt sommaren 2015.

Både reir og hi

Så langt i prosessen ligg fire ulike overnattingsmodular på teiknebordet, fekk politikarane i NTA vita. Dei fire konsepta har kortforma: maurtua, reiret, hiet og kokongen. Desse prototypane vil i neste fase bli vidareutvikla til ferdige reiselivsprodukt - og slik danna ein ny næring på gardsbruk på Voss.

At Voss er rette staden å testa ut prosjektet på, var Bauer viss på.

- Både fordi Voss er den største jordbrukskommunen i Hordaland, og fordi kommunen har ein offensiv reiselivspolitikk basert på opplevingsbasert

turisme. I dag skaper fråflytting og nedlegging i landbruket eit stort overskot av tomme driftsbygg i landskapet. Men: det same landskapet gjev grunnlag for omfattande naturbaserte aktivitetar, påpeika Bauer.

Sommaren 2015

Prosjektet «Ei løe i endring» har fokus på å ivareta dei unike kvalitetane i bygg og landskap, understreka Bauer. Ho opplyste at det alt er gjennomført omfattande analysar for å avdekka autensitet og kvalitet i eit utval lokale løer. Kring 15 gardbrukarar frå alle delar av kommunen har i denne samanhengen stilt løene sine til rådvelde for prosjektet, kunne ho fortelja.

- Målet er å få etablert dei fyrste løebaserte overnattingstilboda her på Voss alt til sommaren. Men me treng stadig ein god del midlar til å få ferdigutvikla konseptet, sa Bauer, og lurte på kva Voss kommune ville kunna bidra med i så måte.

- I den grad kommunale midlar finst, er nok det gjennom kraftfondet, sa Klaus Skjeldal, som både er styreleiar for fondet og i NTA-utvalet.

- Men i kraftfondet er kassa botnskrapa for tida. Og me vil ikkje ha midlar for tildeling før til sommaren 2015. Men de er hjarteleg velkomne til å søkja der, sa Skjeldal, som representerer Arbeidarpartiet, men som fekk tverrpolitiske nikk frå dei andre i NTA-utvalet (som er identiske med kraftfondstyret).

Midlar frå AH�

Til Hordaland opplyser Marina Bauer at prosjektet nyleg fekk lovnad om midlar frå bedriftsnettverket Aktiv heile året (AHÅ).

- Dermed vil me kunna koma vidare med prosjektet uavhengig av løyvinga frå kraftfondet. Me satsar difor på lansering innan sommaren 2015, seier Marina Bauer.