STENGJER GRENSENE: Sundag har Ullensvang kommune mellom anna innført innreise-og utreiseforbod i kommunen. Biletet er frå arkivet. Foto: Marita Saue Hamre

Ullensvang kommune innfører reiseforbod

Ullensvang kommune har sundag innført ei rekkje strenge tiltak for å hindra koronasmitte, opplyser ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding.

Mellom tiltaka er eit generelt innreise- og utreiseforbod i kommunen, for alle reiser som ikkje er strengt naudsynte.

– Det er eitt generelt innreise og utreiseforbod i Ullensvang kommune for alle reiser som ikkje er naudsynte. Fysiske restriksjonar kan verta aktuelt, og vert vurdert løpande, skriv ordføraren.

Les også
Ein tilsett på Voss sjukehus er korona-smitta

– Avgjerande å redusera smitte

Kommunen har også vedteke at personar som har kome til kommunen etter 10. mars frå Oslo, Agder, Rogaland, Viken og andre kommunar i Vestland, må i karantene i 14 dagar. Unntaket er naudsynte jobbrelaterte reiser, eller naudsynte helsemessige behandlingar.

– I Ullensvang kommune er smittepresset truleg framleis lågt sidan me ikkje har nokon kjente tilfelle. Kommuneoverlegen ser det difor som avgjerande å redusera smittepresset utanfrå, står det i grunngjevinga for vedtaket.

Les også
Regjeringa vil innføra hytteforbod