Ulvik har fått sitt fyrste koronatilfelle
Ulvik herad har i dag fått stadfesta sitt fyrste tilfelle av koronasmitte. Rådmann Thore Hopperstad seier at det er ei dame som kom heim frå ferie i utlandet som har blitt smitta.
– Ho kom heim frå ferie for få dagar sidan og sette seg sjølv i heimekarantene saman med ektefellen slik regelverket er. Ektefellen er sett i ny karantene frå i dag, seier Thore Hopperstad.
Til saman er no 14 personar stadfesta smitta av korona i Hordaland sitt område: tolv i Voss herad, ein i Vaksdal og ein i Ulvik.