ULVIK: – Den lokale smittevernforskrifta vil verta oppheva frå og med måndag 8. mars om dagens smittesituasjon held seg, heiter det i ei pressemelding. Foto: Terje Hjartnes

Ulvik opphevar den lokale smittevernforskrifta

I dag kom prøveresultata frå måndag 1. mars, og det er ingen nye smittetilfelle i Ulvik.

– Den lokale smittevernforskrifta vil verta oppheva frå og med måndag 8. mars om dagens smittesituasjon held seg, og Ulvik herad vil då fylgja dei nasjonale føringane, heiter det i ein pressemelding frå Ulvik herad tysdag ettermiddag.

Etter det store utbrotet i Ulvik for nokre veker sidan, har det den siste tida vore få positive testar i heradet.

Les også
«Pasient 0» i Ulvik fortel om då dei vart smitta

Framleis testing

Denne veka er det testing torsdag, kl. 11.00, utanfor omsorgstunet

– Me er ferdige med massetestinga, no er det personar med symptom som skal testa seg, eller personar som har fått melding frå helsepersonell om å testa seg, melder Ulvik herad.