Når temperaturen passerer 34 grader, sjølv i skuggen, kan det vera greitt å kjøla seg ned med litt sjøsprøyt.
Når temperaturen passerer 34 grader, sjølv i skuggen, kan det vera greitt å kjøla seg ned med litt sjøsprøyt. Foto: Tormod Knapstad

Ulvik tok varmerekorden

Ulvik var i går varmaste stad i Noreg.

Og ikkje nok med det: med 34,4 grader i skuggen på stasjonen Brakanes, sletta ulvikjene onsdag Voss sin 125 år gamle rekord som varmaste stad i Hordaland.

Den tidlegare rekordmålinga på 34,0 grader vart registrert på Voss jernbanestasjon 15. juli 1889.

Tett på Nesbyen

- Så då er det ingen tvil, seier meteorologikonsulent Kari Bergfjord ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

- Med dette har Ulvik overteke rolla som varmaste stad i fylket vårt.

Fruktbygda inst i Hardanger har likevel eit stykke att til noregsrekorden.

Når temperaturen passerer 34 grader, sjølv i skuggen, kan det vera greitt å kjøla seg ned med litt sjøsprøyt.
Når temperaturen passerer 34 grader, sjølv i skuggen, kan det vera greitt å kjøla seg ned med litt sjøsprøyt. Foto: Tormod Knapstad

- Den tilhøyrer stadig Nesbyen, og med relativt god margin. Ved stasjonen på Nesbyen målte dei 35,6 grader den 20. juni 1970. Og den har ingen sidan vore i nærleiken av.

Ei rekkje stader i landet har likevel målt 35,0 grader, kan Bergsfjord fortelja. Dette gjeld både Oslo (1901), Flekkefjord (1899) og diverse andre stasjonar.

Mange over 30

Nest varmaste stad i Noreg onsdag var elles Brudalsvatnet ved Ålesund, som målte 34,0 grader. På Lærdalsøyri var det pene 32,8 grader.

Topplista for Hordaland fylke ser elles slik ut, i fylgje Kari Bergfjord:

* Ulvik: 34,4 grader

Artikkelen held fram under annonsen.

* Voss: 32,1 grader

* Bergen: 31,4 grader

* Ullensvang: 30,8 grader

* Kvamsøy: 30,7 grader

* Evanger: 30,6 grader

* Fossmark: 30,2 grader

* Austevoll: 30,2 grader