UNGDOMSRÅDET: Marcelius Prestegård (t.h.) og Daniel Lund Imani i Voss ungdomsråd oppmodar ungdomar om ikkje å reisa på fest. Foto: Bjørn Sandnes

Ungdomsrådet oppmodar om ikkje å reisa på fest

På vegner av Voss ungdomsråd oppmodar Marcelius Prestegård og Daniel Lund andre ungdomar om ikkje å reisa på fest på grunn av korona-viruset.

Ungdomane i rådet kjem med klare ynskje om at ungdomane i Voss herad mellom anna ikkje reiser på fest.

– Voss ungdomsråd støttar alle tiltaka som Voss herad gjer, og oppmodar all ungdom om å fylgja folkehelsedirektoratet sine tips, skriv dei på heradet sine nettsider.

Les også
Ordføraren ber hyttefolk om å halda seg heime

– Ikkje reis på fest

Ungdomsrådet oppmodar ungdom på Voss om ikkje å samla seg i grupper og ikkje reisa på fest.

– Ungdomsrådet oppmodar om ikkje å dra på klubbar, ikkje handla unødvendig med mat, respektera karantene og generelt sett halda seg heime, skriv Marcelius Prestegård og Daniel Lund på vegner av ungdomsrådet.

Voss ungdomsråd vonar vossaungdommen er proaktive samfunnsborgarar som er med på å redusera smittefaren.

– Om me fylgjer dei strenge tiltaka no, kan me løysa opp og slappa meir av seinare.

Les også
Åtvarar mot å samla born til leiketreff