UVÆR: Torsdag morgon er det kolonnekøyring på fv50 og rv13, grunna uvêr. Bilete er brukt som illustrasjon, og visar Vikafjellet. Foto: Ingerid Jordal

Uvêret prega nattetimane: - fv50 og rv13 har kolonnekøyring

Det melder Vegtrafikksentralen vest på Twitter, torsdag morgon.

Torsdag morgon var fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol førebels stengt, før det klokka 08.08 vart meld om at kolonnekøyring var innført.

Riksveg 13 over Vikafjellet har og kolonnekøyring.

Uvêr

Uvêret har i natt prega fjellovergangane. På Vikafjellet melder yr.no om minusgrader, snø og vind på 11 meter i sekundet.