STENGD: Vegen over Vikafjellet er stengd på grunn av uvêr. Foto: vegvesen.no

Opnar opp for kolonnekøyring over fjella

Uvêr gjev utfordrande køyreforhold over fjella i Sør-Noreg.

Klokka 20.30 fredag kveld vert det innført kolonnekøyring over Vikafjellet.

– Fyrste kolonna går frå Storehaugtunellen, melder Vegtrafikksentralen.

Tidlegare fredag føremiddag vart Vikafjellet stengd på grunn av uvêr.

Sjå trafikkmeldingane for Sør-Noreg her.

Kolonnekøyring fleire stader

I tillegg til stengd veg er det innført kolonnekøyring over Haukelifjell og Hardangervidda.

– E134 over Haukelifjell er det kolonnekøyring på grunn av uvêr.

Klokka 15:12 melder Vegtrafikksentralen at det også er innført kolonnekøyring over Hardangervidda.

Hardangervidda vert opna for fri ferdsel frå klokka 17.40.