STENGD: Slik ser det ut over Hardangervidda sundag ettermiddag. Vegen er stengd. Foto: Statens vegvesen/Webkamera

Uvêr stengjer fjellovergangar i Sør-Noreg

Fire fjellovergangar er stengde for personbilar på grunn av uvêr i fjellet.

Vegtrafikksentralen vest melder på Twitter at riksveg 7 over Hardangervidda er stengd for personbilar, og at det er kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn på grunn av uvêr.

Sundag ettermiddag er status slik over fjellovergangane:

Ev134 Haukelifjell: Kolonne

Rv7 Hardangervidda: Stengd

Rv13 Vikafjellet: Stengd

Fv50 Aurland-Hol: Stengd

Fv53 Tyin-Årdal: Stengd

Les også
Snøskred på rundt 50 meter sperrar fylkesveg

Auka snøskredfare

1. påskedag aukar faren til raudt nivå for snøskred i indre Fjordane, Jotunheimen, indre Sogn, Voss og Hardanger på 1. påskedag.

Fylg skredvarselet på varsom.no.

Les også
Vegen mellom Ulvik og Osa stengd til etter påske
Les også
Den stille påsken
Les også
Større stein rasa ut på E16