Alle fjellovergangane mellom vest og aust var stengde
På grunn av uvêr i fjellet vart åtte fjellovergangar stengde fredag føremiddag.
Vegtrafikksentralen vest melde om at desse vegane vart stengde fredag:
Riksveg 13 over Vikafjellet, riksveg 7 over Hardangervidda, fylkesveg 50 over Hol-Aurland, riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, E134 over Haukeli og E16 over Filefjell.
Fredag i 14-tida melde Vegtrafikksentralen at det vart starta opp kolonnekøyring over Filefjell for køyretøy over 7,5 tonn, og at det vert innført kolonnekøyring klokka 14:15 over Hemsedalsfjellet.
I tillegg til dei vegane er òg fylkesveg 53 Tyin-Årdal og riksveg 15 over Strynefjellet stengde.