MYKJE NEDBØR: Slik ser det ut på riksveg 13 over Vikafjellet torsdag føremiddag. Mykje vind og nedbør stengjer fjellovergangen. Foto: vegvesen.no

Uvêr stengjer vegen over Vikafjellet

På grunn av uvêr er det stengd over Vikafjellet, og kolonnekøyring over fleire fjellovergangar.

Natt til torsdag vart riksveg 13 over Vikafjellet stengd på grunn av uvêr.

Vegtrafikksentralen vest melder torsdag morgon at fjellovergangen framleis er stengd, men at dei tek ei ny vurdering av saka klokka 10.

Klokka 12 er vegen over Vikafjellet framleis stengd.

Kolonne over Vidda

Klokka 07.00 torsdag morgon vart det innført kolonnekøyring for alle køyretøy på riksveg 7 over Hardangervidda.

Utover føremiddagen har Vegvesenet gått over til kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn.

På fylkesveg 50 Hol-Aurland vart det innført kolonnekøyring torsdag føremiddag.