STENGD: Det vart innført kolonnekøyring for alle køyretøy over Hardangervidda på grunn av uvêr. Biletet er frå laurdag då det var kolonnekøyring. Foto: Sigrid Seim

Slik er status over fjella sundag kveld

Vêret ser ut til å roa seg sundag kveld, men det er framleis kolonnekøyring og stengd veg.

Sundag kveld er status over fjella slik:

Hol-Aurland er stengd, medan vegane over Hemsedal, Hardangervidda og Haukelifjell har opna att etter kolonnekøyring.

Fylg trafikkmeldingane på fjellovergangane i Sør-Noreg her.

Fylkesveg vert ikkje opna sundag

Laurdag vart vegen over Vikafjellet stengd.

– Det vert ny vurdering av vegen over Vikafjellet måndag klokka 10, skriv Vegvesenet sundag føremiddag.