PÅSKEHELSING: Vaksdal kommune er fri for påvist koronasmitte, samstundes sender ordførar Hege Eide Vik ei påskehelsing. Biletet er frå arkivet. Foto: Marita Saue Hamre

Vaksdal kommune fri for påvist koronasmitte

Den einaste personen i kommunen med påvist koronasmitte, er friskmeld.

Vaksdal kommune opplyser at den einaste personen i kommunen som var smitta av koronaviruset, er friskmeld.

Dermed har kommunen den 8. april ingen stadfesta smittetilfelle i kommunen.

Les også
Meteorologane lovar litt sol i påsken

Påskevettreglar

Samstundes oppmodar kommunen om å halda seg inne.

Ordførar Hege Eide Vik har lagt ut påskevettreglar på Vaksdal kommune sine nettsider:

– Vaksdal kommune arbeider systematisk og iherdig med å vareta liv og helse for alle innbyggjarane våre. For å lukkast med dette, treng me di hjelp.

Difor sender ordføraren desse påskevettreglane:

– Ikkje overnatt på hytte utanfor eigen kommune

– Ikkje reis på fritidsreiser som omfattar overnatting utanfor heimen din.

Dette gjeld til dømes bubil og båt.

– Hald kontakt med familie og vener over telefon og internett

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hus og hage set stor pris på ekstra omtanke og pleie i denne tida

– Unn deg noko ekstra godt i påsken, men vern om dine favorittar

– Hugs avstand, vask- og hygienetiltak

Les også
Over 900 heilt arbeidsledige i Voss herad