Om satsen for eigedomsskatt vert sett ned, så vert kommunen sine inntekter mindre også, konstateterer Vaksdal-ordførar Eirik Haga.
Om satsen for eigedomsskatt vert sett ned, så vert kommunen sine inntekter mindre også, konstateterer Vaksdal-ordførar Eirik Haga. Foto: Jan-Egil Dyvik

Vaksdal mister millionar med redusert eigedomsskatt

Regjeringa vil redusera skattetaksten for eigedomsskatt frå fem til fire promille. Det fører til milliontap for Vaksdal kommune.

Finansminister Siv Jensen kom med meldinga tysdag, og endringa i skattesatsen vil gjelda frå 2021.

Endringa skal gjelda frå 2021, men alt dette vil regjeringa presentera i samband med kommuneproposisjonen som kjem til våren, opplyste finansministeren til NRK.

105 kommunar i Noreg må kutta i eigedomsskatten. Tidlegare i år vart satsen redusert frå sju til fem promille.

Har alt redusert

– Me tek inn rundt ein million kroner for kvar promille i eigedomsskatt frå private. Me har tidlegare auka frå 3,5 promille til 5,5 promille. Det var forresten eit vedtak som kommunestyret gjorde mot den eine røysta til Frp. Det vil seia at Høgre også røysta for dette då, seier ordførar Eirik Haga.

Vaksdal måtte redusera sin skattesats ned ein halv promille til fem. Det vil seia at kommunen då mista om lag ein halv million kroner i skatteinntekter.

– Og no vil det verta endå meir redusert?

– Ja, om taket no skal ein promille til ned, så vil ein ny million kroner verta borte frå inntektene til kommunen, dersom dette vert vedteke. Rett nok ikkje før enn i 2021.

Han meiner også at dette er eit sterkt inngrep i det lokale sjølvstyret.

– Regjeringa har og sett i spel vertskommunane sine kraftinntekter, minner Haga om.

Skal re-taksera

Kvart tiande år skal kommunane re-taksera eigedommane som dannar grunnlaget for taksten. Det skal Vaksdal kommune gjera i næraste framtid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kanskje vert ikkje verknaden så stor som ein million kroner i mindre inntekter då?

– Me må halda oss til dei takstane som gjeld i dag, og då er inntektstapet i den storleiken.